1. Målsettinga med fondet er å hjelpe speidargrupper med investeringar og andre tiltak som skal styrke speidararbeidet lokalt og/eller gjere arbeidet i speidargruppene enklare. Fondet kan støtte utvikling av speidargrupper sin eigedom, kjøp av utstyr eller støtte andre prosjekt i samsvar med fondet sitt føremål.
  2. Kretsstyret deler ut støtte etter søknad frå kretsen sine speidargrupper. Søknadsfrist er 1. mars og 1. oktober kvart år. Maksimalt beløp på støtte pr. år er kr 30.000, og kan dekkje inntil halvparten av totalkostnadene til prosjektet. Støtte frå fondet skal ikkje erstatte andre inntektstiltak, så som søknader til aktuelle offentlege og private organ, stiftelser og/eller arbeid for sponsorinntekter eller anna finansiering til prosjektet.

 

Søknaden skal innehalde budsjett for prosjektet og dokumentasjon av arbeidet med andre inntektstiltak.

 

Grupper som har fått støtte eitt år kan ikkje søkje om støtte året etter.

 

Kretsstyret kan avslå søknad frå speidargrupper som ikkje har levert revidert årsrekneskap for siste år (jf. kretsen sine oppgåver, organisasjonsbestemmelsene § 2.2.1, femte strekpunkt), uavhengig av søknaden elles.

 

 

  1. Grupper som får støtte skal levere revidert rekneskap for prosjektet innan fastsett tid, seinast saman med revidert årsrekneskap for speidargruppa det aktuelle året.
  2. Rekneskap for fondet skal førast av rekneskapsføraren til kretsen. Det skal kvart år bereknast kor stor del av rentene av kapitalen i kretsen som skal leggast til fondet. Rekneskapet skal leggjast fram for årsmøtet.