VELKOMMEN TIL PEFF – KURS 

VIDAREGÅANDE KURS - TUR

28. – 30. SEPTEMBER

 

Stad: Stord

Kursstart : fredag 28. september kl. 19.00 på Stord (Fjellstova). (Ha hovudlykt klar).

Kursslutt: søndag 30. september kl. 15.00 (Henting ved Ådlandsvatnet. Sving av mot Fjellgardane – parkering rett etter avkjørsel).

Vegbeskrivelse; Kjør på E39, forbi Leirvik. Ved innkjøring til Høgskulen – ta til venstre mot Fjellgardane (sjå skilt). Følg vegen «Fjellgardane» i 5-8 min. – Ta til venstre mot skilting til Fjellstova (3km). Ved Fjellstova vil kursleiarane ta imot kursdeltakarane.

 

Kursstaben gler seg til å sjå deg !

Dersom det skulle oppstå ein situasjon de må ha tak i speidarane som er på haik, ta kontakt med kurshaldarane.

Meld frå ved behov for diett eller om allergi eller sjukdom (epilepsi, diabetes o.l.)

Ellen Marie Andersen: 48 28 00 14 

Helene Stokke: 45 29 30 69

 

PAKKELISTE

Denne helga skal DU vera UTE!

Du må vera budd på det været me har. Pakk rett og godt utstyr.

Pakk i stor sekk som passar til deg, 1 kolli er nok. – Hugs du må bæra det sjølv 

 

ALLE STILLER I SPEIDARSKJORTE 

OG SKJERF. ALLE MÅ PAKKE I SEKK!

 

•    Sovepose + yttertrekk om du har (kan vera lurt å ta med eit fleeceteppe til å ha i soveposen, dersom du har ein litt tynn sovepose).

•    Liggeunderlag

•    Regntøy

•    1-2 skift med klede + varm genser eller liknande.

•    Ullsokkar

•    Ulltrøye/stilongs + hugs eit skift!

•    Hua/vottar

•    Toalettsaker

•    Kopp, bestikk, tallerken

•    Drikkeflaske

•    Termos

•    Skrivesaker

•    Bibel eller NT

•    Hovudlykt/lommelykt

•    Kniv

•    Kompass – dersom du har

•    Fjellsko/støvlar

•    Litt snop – der er ikkje kiosk!

 

På denne årstida er det ofte vått og litt kaldt. Ull er absolutt å anbefale! 2-3 fleece jakker/genserar er lettare og tek mindre plass enn 1 tjukk ullgenser, og dei tørkar!

Dongeri, bomull og klede av syntetisk materiale er ikkje godt egna på ein slik tur!

TA MED LÆRINGSVILJE, OPE SINN OG GODT HUMØR