§1

Målsettinga for fondet er at det skal nyttast av speidargrupper i kretsen som skal reise på utanlandstur i speidarsamanheng. Stipendet kan nyttast til å dekkje reisekostnader og/eller deltakaravgift.  Stipendet skal godkjennast på førehand.  Det skal og søkjast på førehand av eit arrangement.

 

§2

Kretsstyret deler ut stipend etter søknad. Søknadsfrist er 1.mars kvart år, men det kan søkjast seinere på året dersom stipend ikkje er delt ut.. Stipendstorleiken skal maksimalt være 10.000 kroner pr år og dekke inntil halvparten av totalkostnaden. 

Kretsstyret kan avslå søknad frå speidargrupper som ikkje har levert revidert årsrekneskap for siste år (jf. kretsen sine oppgåver, organisasjonsbestemmelsene § 2.2.1, femte strekpunkt), uavhengig av søknaden elles.

 

§3                                                                                                

Stipendmottakerane pliktar å skrive ein rapport etter turen og formidle inntrykk etter turen til speiderar eller speiderleierar. Det vert på førehand avklara korleis dette skal gjerast.

 

§4

Rekneskap for fondet skal førast av rekneskapsføraren til kretsen. Det skal kvart år bereknast kor stor del av rentene av kapitalen i kretsen som skal leggast til fondet. Rekneskapet skal leggjast fram for årsmøtet.