INNBYDING TIL SPEIDAREVENTYR I SØRLEGE ARGENTINA, MEN DU MÅ HANDLE RASKT

Vi i Haugesund 1 informert på Kretsens årsmøte at me fer til Argentina i slutten av dette kalender året. Nå er prisen klar og ein del har valgt å ikke gå videre med sin oprineligge påmelding. Det betyr at me står i fare for å komma under minimum kravet på 10 personar. Me ynsjer derfor å nokk ein gong informera Speidarar i Haugaland krets om at det enda er plass til deg å væra med om du ynsjer, men du må handla rask no. Innan Den 17.Mai må du ha sendt ein SMS til  90841334 med namn på person(er) som skal være med på turen.

Detaljer om turen:

Det blir det avreise frå Haugesund 26.12.19. Me flyg då til Buenos Aires der me blir i eit døgn før med fèr vidare sør til Ushuhaia , Tierra del Fuego (Eldlandet). Der blir me invitert med på sommarleir med lokale speidarar (hugs der er årstidene omvendte av her!). 03.01.20 er det retur til Buenos Aires som me reiser heim frå 07.01.20 slik at me er heime igjen 08.01.20, altså onsdag.

Kven kan så vera med? Berre fantasien (sjølvsagt og økonomien!) set grenser. Foreldre og søsken er sjølvsagt hjerteleg velkomne, for dette blir speiding der me får erfara andre kulturars tilnærming til speidinga der nok noko er annleis, men svært mykje er lett å kjenna att! Det blir i alle fall slik det nå ser ut ikkje snakk om ein strigla hotellferie, men langt kjekkare enn det!

Den store kostnaden er flyreisa. Slik det nå ser ut vil den totale kosten for turen ligga på kr 27000 per person. Den store uvissa er sjølvsagt knyta til svingingar i valutakursane som me ikkje har styring på. Dersom ikkje krona rasar ned, kan ein rekna med at prisen blir liggande ein del under dette, men her må me altså ta nokre atterhald. Det er oppretta kontakt med lokal speidargruppe i Argentina og planlegginga er i gang.

Me har Siv Karin Risanger i KTM som vår trygge reisearrangør, Ho har hjelpt oss både på lange og ikkje fullt så lange turar tidlegare med framifrå resultat.

Då bed eg altså om tilbakemelding med namn på interesserte snarast råd , seinast 18.05.

Speidarhelsing Haugesund 1 v/ Svein Gisle og Knut Ivar