Haugaland krets inviterer til «Bålmat med festmåltid for leiarar» i kretsleiar Atle Aas sin hage i Litledalen i Etne. Her skal vi kose oss for oss sjølv.  
 
 
Stad: Litledalsgrenda 21, 5590 ETNE 
 
 
Du kan vere med frå  • Fredag 8. mai kl 19: Førebu kokegrop mm. Overnatting i medbrakt telt. • Laurdag kl 10: Lage mat til festmåltidet • Laurdag kl 14: Førebu festmåltidet og vere med på det. 
Pris: kr 500,-  
 
 
 
Aktuell bok: Etnespeidarane sin «Under open himmel - frå kokegrop til kanopadling på stille vatn» kr 150 blir selt under arrangementet.   
 
Maks 30 personar. Påmelding opnar på kretsting på Sand. Påmelding etterpå til kretssekretæren haugaland@kmspeider.no.  
 
Velkomen!